Lukk annonse
Byggeindustrien

Krangel om 300 millioner efter markfunn

11/08/2025, 14:55
Krangel om 300 millioner efter markfunn

Denne veka startar rettssaka mellom Staten og entreprenøren Bertelsen & Garpestad AS, som krev 300 millionar kroner etter forsinkingar i bygginga av E39 mellom Hjelset og Lønset i Molde.

Det melder NRK.

Uforutsette mengder kvikkleire skal vere årsaka til at prosjektet blei forsinka med ni månader, som kravde ekstra arbeid og kostnader, ifølgje entreprenøren. Staten avviser kravet og har svart med eit motsøksmål.

– Vi oppfattar at dette er ekstraordinært høge tilleggskrav, seier advokat Svein Aage Valen som representerer Staten til NRK.

Det er ikkje første gong partane hamnar i retten etter store vegutbyggingar. Partane er også ueinige om ein tidlegare forliksavtale.

Rettssaka varer i tre veker med toppleiinga frå begge sider som vitne. Tidlegare forsøk på forlik har mislykkast.

– Det har vore gjort fleire forsøk, men partane står for langt frå kvarandre til at det er mogleg, seier Valen til NRK.

E39 Hjelset Lønset i Molde Molde rettssak
Redaksjonen