Styret i Helse Vest RHF ga grønt lys til forprosjekt for både byggjetrinn 2 på nye Stavanger universitetssjukehus og oppgradering av sikkerheitsposten på Valen sjukehus på styremøtet 12. november.
Til tross for ein krevjande økonomisk situasjon prioriterer helseføretaket dei to prosjekta.
– Det er avgjerande at vi driv slik at vi kan prioritere byggjeprosjekta. Det er viktig både for utviklinga av tenesta, for pasientane i regionen og for medarbeidarane i sjukehusa, seier styreleiar Agnes Landstad i en pressemelding.
Det nye E-bygget på Nye SUS skal samle fleire fagområde som nevrologi, øyre-nase-hals, onkologi og lungebehandling på Ullandhaug. Prosjektet har ei styringsramme på 1459 millionar kroner, med planlagd byggjeperiode frå våren 2026 til 2029.
Arbeidet med tomta er allereie i gang. Når bygget står ferdig, vil det samle poliklinisk aktivitet, redusere transportbehovet og leggje til rette for forsking og undervisning.
Helse Fonna skal gå vidare med utbygging av sikkerheitsposten på Valen sjukehus med 14 sengerom inkludert isolat, samt to skjermingseiningar.
Utbygginga kjem som følgje av at fleire blir dømde til tvungen psykisk helsevern, noko som aukar behovet for sikkerheitsplassar både lokalt og regionalt. Byggestart er planlagd hausten 2026 med ferdigstilling i 2027.