Infrastruktur Veg
1 minutt lesetid

Gigantkontrakt til Hæhre: «Det har vore ei lang reise»

18/02/2026, 09:44
Med signeringen er det klart for oppstart av et viktig infrastrukturprosjekt i Vestland.
Med signeringen er det klart for oppstart av et viktig infrastrukturprosjekt i Vestland.

Vestland fylkeskommune og Hæhre Entreprenør AS har signert ein kontrakt verdt 767 millionar kroner eks. mva. for rassikring av fylkesveg 609 mellom Hestvika og Heilevang. Anbodskonkurransen vart avlyst i 2024 på grunn av ustabil grunn ved Heilevang, og prosjektet vart lagt ut på nytt i 2025 utan lausmassetunnelen som opphavleg var planlagt.

– Det har vore ei lang reise, med avlysing av første konkurranse, reguleringsendring på Heilevang og ein ny anbodsprosess. No ser vi fram til eit godt samarbeid med Hæhre og eit godt sluttresultat, seier Jon Harald Huseklepp, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

– Vi er svært glade for tilliten Vestland fylkeskommune har vist oss […] Dette er eit viktig prosjekt for oss, og vi ser fram til å kome i gang med arbeidet […], seier Ole Jakob Gjetrang, prosjektdirektør i Hæhre Entreprenør AS.

Det kan bli noko prøvegraving og mindre arbeid dei komande vekene, men det store anleggsarbeidet startar først etter påske. Tunnelen skal stå ferdig i november 2029.

#fylkesveg 609 #hæhre entreprenør as #heilevang #heilevang-prosjektet #vestland fylkeskommune
Myrna Whitaker