Byggeindustrien Bolig
2 minutter lesetid

Ny flaumsikring vernar bustadfelt mot Driva

22/08/2025, 09:23
Synfaring ved det nye sikringsanlegget Foto: NVE
Synfaring ved det nye sikringsanlegget Foto: NVE

Området har vore utsett for flaum i generasjonar. Allereie på 1870-talet vart det gjennomført erosjonssikring langs Driva. Den gamle sikringa er i dag delvis overgrodd og ikkje tilstrekkeleg for å møte framtidas flaumfare.

– Me er glade for at bebuarane ved Furu no har fått ei ny og langsiktig sikring mot flaum, seier Jostein Mårdalen, regionsjef i NVE.

Flaumvollen er 580 meter lang og ligg mellom bustadfeltet og elva. Den er utforma for å tola store vassmengder og er dimensjonert for ein 200 års flaum med 40 prosent klimapåslag.

Omsyn til naturverdiar i fokus 

Flaumvollen er lagt slik at han berører minst mogleg dyrka mark, og den er trekt tilbake for å bevara flaumskogen og naturtypeområdet langs elva.

– Prosjektet har vore eit godt samarbeid mellom kommunen, NVE, grunneigarar og Norconsult, der omsyn til naturverdiar og lokal bruk av området har stått i fokus, seier Mårdalen. Sunndal kommune har vore tydelege på behovet for sikring, og lokal kunnskap har bidrege til å finna gode løysingar undervegs, seier han.

Prosjektet har hatt ei totalramme på 25 millionar kroner.

Kan vidareutvikle området

Sunndal kommune er  godt fornøgde med  flaumsikringa .

– No som flaumvollen er på plass kan  vi fokusere på vidare utvikling av bustadfeltet. Kommunen vil starte arbeidet med å revidere og oppdatere reguleringsplanen slik at han er i samsvar med at området er sikra, seier kommunedirektør Bjørn Steinland.

Myrna Whitaker