Infrastruktur Veg
4 minutter lesetid

Alarmerende beskjed: «39 år for å sikre tunnelene»

21/10/2025, 08:56
Høydalstunnelen i Alver kommune er ein av 42 tuneller som treng oppgradering. No ber fylkeskommunen om utsett frist. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune
Høydalstunnelen i Alver kommune er ein av 42 tuneller som treng oppgradering. No ber fylkeskommunen om utsett frist. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

I Vestland fylkeskommune skal 85 tunnelar oppgraderast. 43 er ferdig, 42 står att. Kostnaden er rekna til over 5 milliardar kroner. Fylkeskommunen fekk i 2025 139,1 millionar kroner. Med same ramme vil det ta minst 39 år å fullføre arbeidet, ifølge kommunen.

— Den reelle kostnadene er truleg ein god del høgare enn dei 5 milliardane. Det er heller ikkje mogleg å bli ferdig innan 2040 sjølv med utsett frist, dersom ikkje finansieringa aukar, seier direktør i Vestland fylkeskommune, Dina Lefdal.

Omfattande og kostnadskrevjande

Vestland fylkeskommune støttar Vegdirektoratet sitt forslag om å utsette fristen for å oppgradere fylkesvegtunnelar etter tunnelsikkerheitsforskrifta til 1. januar 2040. Ifølge kommunen har arbeidet med tunelloppgradering vist seg å vere meir omfattande og kostnadskrevjande enn føresett, mellom anna på grunn av krav til trafikkavvikling, samordning med anna vedlikehald og auka krav til tryggleik og risikoanalyse.

— Om vi skulle få auka rammer er det viktig at dei ikkje går ut over andre nødvendige tiltak, som skredsikring og vedlikehald på fylkesvegane, seier Lefdal.

Vestland fylkeskommune har 274 tunellar på fylkesvegnettet, i tillegg kjem riks- og europavegtunellar, som gjer at fylket har flest tunnelar i Noreg.

Liste over tunellar som treng oppgradering 

KommuneTunell (-tunellen)LengdeTrafikkmengde
Bjørnafjorden, fv. 48Kråkeskar5291900
Bjørnafjorden, fv. 48Moshovda14231900
Ullensvaang og Kvinnherad, fv. 49Folgefonn111501400
Samnanger, fv. 49Fossenbratte6652500
Aurland, fv. 50Vassbygd (pågår)1058550
Aurland, fv. 50 Haga690300
Aurland, fv. 50 Lange 21350300
Aurland, fv. 50Stondal2240300
Aurland, fv. 50 Berdal4270300
Aurland, fv. 50 Nesbø2510300
Aurland,fv. 50 Botna904300
Årdal, fv. 53Finnsås24121000
Årdal, fv. 53Steiggje11502400
Årdal, fv. 53Kolnos6581000
Årdal, fv. 53Timreskred10111000
Alver. fv. 57Espeland8096300
Kvinnherad, fv. 500 Fureberg738 900 
Bergen, fv. 540 Løvstakken 204311300
Kvinnherad, fv. 549 Stussvikstova1217 500 
Ullensvang, fv. 550 Eitrheim1687 1000 
Ullensvang, fv. 550 Jona870 550 
Ullensvang, fv. 550 Aga624 700
Bergen, fv. 562Olsvik107520500 
Askøy, fv. 562  Stongafjell 69614900 
Osterøy, fv. 566 Tirås (pågår)2017 4600 
Osterøy, fv. 567 Lonevåg964 1700 
Modalen, fv. 567 Mostraumen750 300 
Modalen, fv. 569 Modal3500 350 
Vaksdal, fv. 569 Eikjeto638 400 
Vaksdal, fv. 569 Høgaberg633  400
Vaksdal, fv. 569 Hesjedals687  400
Modalen, fv. 569 Fugleberg2100 300 
Alver, fv. 569 Høydals530 300 
Modalen, fv. 569 Slottsporten950 300 
Gulen, fv. 602 Instefjord538400
Gulen, fv. 602Hauglands838400
Kinn og Bremanger, fv. 614Magnhildskar2897700
Bremanger, fv. 614Ise1740300
Gloppen, fv. 615Eikenes1010400
Gloppen, fv. 615Fløga1408400
Kinn, fv. 617Skåra6642100
Vik, fv. 5602Feios772400
Årdal, fv. 5633Seimsdals (ferdig)15151000
Bremanger, fv. 5710Sande632750
#tunelloppgradering #tunnellar #vestland fylkeskommune
Redaksjonen