Miljøtiltak i praksis: Materialar som Statsbygg fekk til overs i arbeidet med det nye regjeringskvartalet, er no brukt på nytt i ein ny gjenbrukspark nokon kilometer lenger nord i Nnydalen i Oslo.
– Når miljøet er på dagsorden, kan det ofte bli svulstige ord og lite handling, men dette er miljøtiltak i praksis. Det seier Statsbyggs kommunikasjonsleiar for det nye regjeringskvartalet, Pål Weiby, på Statsbyggs hjemmesider etter at Norwegian Property no har opna sin nye gjenbrukspark i Sandakerveien 140 i Oslo.
Parken er ein 1000 m2 bakgardshage i eit urbant forretningsbyggmiljø i Nydalen. Her har det vore streva etter å bruke mest mogleg materialar, som har vore brukt andre plassar tidlegare, på nytt.
Skifer, oslokantstein og smågatestein frå regjeringskvartalet lever no vidare i ein park på Nydalen.
– Ombruk er svært viktig for Statsbygg. Dette var ein fin-fin anledning å gjere ord til handling. I forbindelse med utbygginga av regjeringskvartalet har det blant anna blitt grave i Akersgata, og vi har fått skifer og stein til overs. Å levere det gratis til ein park der gjenbruk står sentralt, er å spele på lag med miljøet, seier Weiby.
Gjennom medvitne val av løysingar, vegetasjon og gjenbrukselement har parken potensial til å bli den første dokumenterte klimapositive parken i Noreg. Totalt har Statsbygg levert 300 m2 med skifer, 125 løpemeter med kantstein og ei mindre mengde med smågatestein.
I tillegg byr parken på restaurerte benkar, opparbeidde grøne gangstiar i gjenbrukte materialar, ombrukt strøgrus og plantar tilpassa eksisterande økosystem i ombrukt jord. Det er òg etablert tuftepark og sykkelparkering for å oppfordre til bruk av utearealet og til å velje klimavennleg transport til arbeidsplassen.
Agaia er Statsbyggs samarbeidspartnar på byrom i det nye regjeringskvartalet.
– Agaia har vore framme i verneskoa og sett moglegheiter for gamle materialar frå regjeringskvartalet. Saman har vi slått eit slag for miljøet når skifer og stein blir brukt på nytt i Nydalen, seier Weiby.
Parken er teikna og prosjektert av Asplan Viak og er ein klimapositiv park.
For å gi de beste opplevelsene bruker vi og våre partnere teknologier som cookies for å lagre og / eller få tilgang til enhetsinformasjon. Samtykke til disse teknologiene vil tillate oss og våre partnere å behandle personopplysninger som surfe-/navigeringsatferd eller unike IDer på dette nettstedet og vise (ikke) personlige annonser. Hvis du ikke samtykker eller trekker tilbake samtykke, kan det påvirke visse funksjoner og funksjoner negativt.
Klikk nedenfor for å samtykke til ovennevnte valg eller ta detaljerte valg. Dine valg blir bare brukt på dette nettstedet. Du kan når som helst endre innstillingene dine, inkludert å trekke tilbake samtykket ditt, ved å bruke bryterne på cookie-erklæringen, eller ved å klikke på knappen "Administrer samtykke" nederst på skjermen.