Strekningen strekker seg langs fylkesveg 582, frå Apeltunvannet på nordsida av Lagunen kjøpesenter og til Nesttunbrekka, og er ein del av prosjektet E39 Sykkelstamveg Bergen. Arbeida startar etter planen i januar 2025, og prosjektet skal stå ferdig hausten 2026. Kontrakten har ein verdi på 214,4 millionar kr ekskl. mva.
Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik er godt fornøgd med kontraktsigneringa.
– Eit godt utbygd sykkelstamvegnett vil vere viktig for å auke sykkelandelen i Bergen, og bidrar til at vi skal nå måla i Byvekstavtalen. Når vi får spaden i jorda her, har vi to delstrekningar på E39 Sykkelstamvegen i Bergen under utbygging. Det betyr at Bergen får 4 kilometer med ny sykkelstamveg i løpet av dei neste åra.
Begge delstrekningane som låg i kontrakten frå Lagunen til Nesttunbrekka skal byggast. Delstrekninga frå Fana Blikk til Nesttunbrekka låg som negativ opsjon, men kostnadsbilete visar no at begge delstrekningane kan bli bygga innanfor rammene til prosjektet. Prosjektleiar i Statens Vegvesen, Beate Riisnæs, er svert nøgd med at arbeidet med heile strekninga no kan starte opp.
– Det er kjekt at vi nå får bygge ein delstrekning til på sykkelstamvegen. Målet med E39 Sykkelstamveg Bergen er å gjere det meir attraktivt for reisande å velje sykkelen. Skal vi få til dette må sykkelen kunne konkurrere med bilen i bruk av tid og oppleving av tryggleik. Dermed er eit samanhengande sykkelnett der gåande og syklande har eigne felt grunnleggande i arbeidet med å gjere det meir attraktivt å sykle.
Arbeidsfellesskapet Fyllingen Maskin AS og Strand AS vil i desember starte med å etablere midlertidig riggområde, før dei går vidare med oppstart av anleggsarbeid over nyttår.
Om E39 Sykkelstamveg Bergen
E39 sykkelstamveg Bergen består av åtte delstrekningar i sykkelvegnettet frå Flesland i sør til Vågsbotn i nord. I tillegg til kontrakten for delstrekning to mellom Nesttun og Skjold bygger Statens vegvesen sykkelveg på delstrekning 6 b og c som strekk seg frå Bradbenken til Glass Knag i Sandviken.
IndustryRadar Norge
Lindhagensgatan 53 112 43 Stockholm, Sweden
Kundeservice: +468 – 400 22 620
Administrerende direktør: Oscar Lundberg
Redaksjonssjef: Myrna Whitaker
Eier: IndustryRadar AB(SE), et uavhengig,
(redaksjonelt uavhengig selskap)
Organisationsnummer: 559303-9182
[email protected]
Copyright iRadar.no – 2024